Fjelltrimmen i Tjørvåg IL blir frå 1.5 via app. Les meir her.

Updated: May 4


Tjørvåg idrettslag, Trimgruppa har frå 1.5 2021 registrert alle turmåla i Georeg.

Dette er ein app for registrering av trimpostar i fjelltrimmen. Last ned appen i dag og bli med på årets fjelltrim.


Fleire nyttar etterkvar app for registrering av fjelltrimmen. Fleire lokale idrettslag har gått over til Georeg. Bl.a Gurskøy, Ørsta og Sandsøya. Dei har alle god erfaring med å registrere via denne appen.

Vi kjem fortsatt til å ha bøker i kassene å vi oppfordra alle til å skrive seg i boka då dette er tal vi brukar når vi søker midlar.


Last ned appen og registrer deg på www.georeg.no, så er du i gong! Alle kan vere med i fjelltrimmen. Du får full oversikt over eigne turar og poeng. Alle medlemmar i Tjørvåg IL blir med i tekking av fine premiar. (Meir info om dette kjem på heimesida)


Vi håper sjølvsagt du har lyst å bli medlem og støtte idrettslaget. Du finn info og kan melde deg inn her.

https://www.tjorvagil.com/stottemedlem


Bruksanvising for Georeg.


Dersom du ikkje har laga konto:

1. Du må laste ned appen «Georeg» på din smarttelefon.

2. Gå inn på www.georeg.no og trykk registrer. Fyll ut felta. Dersom du skal registrere konto for born som ikkje har eigen telefon, skriv inn fødseldato der det står mobilnr og fyll inn di eiga postadresse.

3. Du vil få ein epost med passord på nettsia for å logge inn.

Inne på nettsia får du oversikt over dine poeng.

4. Du får gratis 30 dagar PRO abm. Etter det kan du kjøpe PRO abm til kr 10 pr mnd. Dette må du ikkje ha for å delta i fjelltrimmen.

5. Du kan velje å vere annonym, då er det kun web ansvarleg i idrettslaget som ser namnet ditt.


Når du har appen:

6. Gå inn på appen og legg inn id/mobilnr. Skal du logge barnet ditt legg du inn id/fødselsnr deira. Husk å endre tilbake til deg sjølv når du er ferdig.

7. Når du nærmar deg posten trykke REGISTRER. Du må vere nærmare enn 100 m for å få posten registrert.


Alle turane gir poeng kvar gong du registrerar deg. Fleire postar vert lagt til innan kort tid. Du kan også registrere deg på postar til andre IL. F.eks Gurskøy sine. Vi har kvar våra poengsystem så det er poeng internt i kvart enkelt idrettslag som teller. På Sollia og Rjåhornet får ein poeng både i Tjørvåg IL og Gurskøy IL. Vi har felles GPS punkt. Poenga vert ikkje slått sammen så ein kan vere med i begge fjeltrimmane og samle poeng. Her er poeng for Tjørvåg IL sine postar.


Ta kontakt om du treng hjelp til appen Georeg eller til å melde deg inn som medlem. medlem@tjorvagil.com

Ved framvising av medlemskort for 2021 får alle medlemmar 10% på Inter Sport Fosnavåg.



110 views0 comments

Recent Posts

See All