RETNINGSLINJER


Tryggheit i Idretten!

Politiattest i Tjørvåg Idrettslag

 

Alle som utfører oppgåver i Tjørvåg Idrettslag som inneberer eit ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming, må framvise politiattest.

 

Vedlagt er stadfesting frå idrettslaget der du må fylle ut fødsel og personnr. Er du under 18 år må du ha underskrift frå føresette. Denne stadfestinga må du legge ved søknaden.

 

Du finn meir info om politiattest på idrettsforbundet. https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/politiattest/

 

Du kan enkelt søke på nett. Er du under 18 år må du sende søknad i posten. Link og info om innsending finn du på link som vist over. Når du har motteke politiattesten må denne visast til politiattestansvarleg. Ta kontakt så avtalar vi tid.

Med helsing

Elin Hundsnes

Politiattestansvarleg Tjørvåg IL

Mobil 91852534

Epost trim@tjorvagil.com