top of page
BILDETAKING


Retningslinjer ved film og bilde i Idretten!

Retningslinjer for publisering av bilete og film på sosiale media i Tjørvåg IL

Tjørvåg IL følgjer retningslinjene til Norges Idrettsforbund for publisering av bilete og film. 
https://www.idrettsforbundet.no/tema/retningslinjer/retningslinjer-for-publisering-av-bilder-og-film-av-barn/

 


Det kan vere ulike grunnar for at enkelte ikkje ynskjer å vere med på bilde. Derfor skal det ikkje publiserast bilete av Tjørvåg IL sine medlemmar utan at alle som er på bildet har samtykka. Dette gjeld alle sosiale media.


Sosiale media er felles nemning for alle digitale plattformer som nettsider, apper, forum og portaler, der det er mogleg å publisere noko.


Det er viktig at alle, trenere, utøvarar, leiarar, frivillige og føresette av barn i idrettslaget gjer seg kjent med desse retningslinjene og er bevist på kva bilete og tekst som vert lagt ut av spelarar og lag.


Tjørvåg IL ynskjer å vere aktive på sosiale media derfor er det viktig at alle levera samtykkeskjema slik at vi kan vere tygg på at dei som vert teke bilde av har samtykka i dette. 


Hovudregelen er at det alltid skal innhentast samtykke frå alle som lett kan identifiserast på bileta før dei publiserast. Dersom dei som er avbildet er under 15 år må samtykke hentast inn både av barnet sjølv og føresette.

 
Du finn samtykkeskjema under vedlegg. 
Har du spørsmål ta kontakt på post@tjorvagil.com

bottom of page