top of page
  • Elin Hundsnes

Idag 01. mai startar Sommar Stikk UT! 2024

Med ny forbetra app og endå fleire turmål kan du i år gå mange både nye og gamle turmål. Her er turmål for alle, frå dei lettaste til meir krevjande turar.


572 turmål er med i årets Stikk Ut! i Møre og Romsdal og for fyrste gong kan du i år gå turar andre stadar i Norge, der heile 82 kommuner er med.

Meir info om årets Stikk UT! finn du her.


Årets Stikk UT!-turar i Herøy kommune teller 15 turmål. Vi i Tjørvåg IL har 5 turmål av desse 15. Rysseviktua er merka frå Moltu men den kan du fint gå når du går til Sandvikhornet og vidare mot Moltu.

Vi har merka 2 blå og 2 grøne turar og har i år skifta ut alle Sommar Stikk UT! turane frå tidlegare år. Dette for å gi dei mest brukte råsene eit friår for mykje bruk.

Desse turmåla er med i Herøy


  • Blåfjellstien (ny)

  • Byvandring rundt Våje, Fosnavåg

  • Djupvikhaugen (ny)

  • Eggesbøvegen til endes

  • Herøy gard

  • Hornseten (ny)

  • Leinemastra (ny)

  • Lidafjellet (ny)

  • Lysløypa på Leikong

  • Rysseviktua (ny)

  • Røddalshornet (ny)

  • Sandvikhornet (ny)

  • Skagetåa (ny)

  • Vasseidet på Remøy (ny)

  • Øyrahornet (ny


Minner også om at du kan laste ned appen Georeg og bli med på årets Fjelltrim i Tjørvåg IL . Den startar også no. Meir info her


Ta omsyn til dyr, plantar og menneske

Det er viktig å sette seg godt inn i Stikk UT!-vett-reglane før ein går på tur. Vi oppfordrar alle til å ta vare på naturen og ta omsyn til både dyr, plantar og menneske. Vi oppfordrer også alle til å parkere som vist til og ikkje vere til hinder eller ulempe for andre trafikantar og grunneigarar, oppfordrar Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd.



44 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page