top of page
  • Forfatterens bildeTjørvåg Idrettslag

Barnetrimmen har fått sponsa fine turnmatter.

Tusen takk Sparebanken Møre og Hav for sponsormidlar til innkjøp av turnmatter til Barnetrimmen. Med dykkar støtte til Trimgruppa kan vi tilby borna kjekke aktivitetar frå 2 år og oppover.



"Barnetrim mini har over ei periode fått testa og tatt i bruk dei nye allsidige turnmatter. Mattene blir brukt som eit samlingspunkt i treningane med felles oppvarming og avslutning.

I tillegg til å vere samlingspunkt, er mattene ein viktig del av aktivitetsløypa for dei minste. Her får dei både danse, spurte, hoppe og rulle og lande på mjukt underlag. "

Trenar Sunniva og Malin.


Vi har også i vår starta opp ei gruppe til med Barnetrim, frå 6-8 år, som har glede av å nytte desse mattene i tillegg til mykje anna kjekt utstyr vi har.


Vil du finne ut meir om vår aktivitete i Trimgruppa så finn du det på heimesida vår.










@foto sunniva

26 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page