Tjørvåg Idrettslag
STØTTEMEDLEM
Slik blir du støttemedlem i Tjørvåg Idrettslag.
Slik kan du bli støttemedlem!
Vi vil gjerne ha med DEG som støttemedlem i Tjørvåg Idrettslag.
Tjørvåg Idrettslag jobbar kvar dag for å oppretthalde eit best mogleg tilbod til barn og unge og andre som ønsker å delta i våre tilbod. Dette tek både tid og ressursar. Difor håper vi akkurat du ser verdien i arbeidet som vert gjort, og ønsker å støtte dette arbeidet med å verte støttemedlem.
Prisen er:
200,- for vanleg støttemedlem
100,- for støttemedlem som er i familie med aktive i Tjørvåg Idrettslag.
For å bli medlem gjer du følgande:
1. Klikk deg inn på www.minidrett.no
2. Klikk på Ny bruker (om du ikkje har profil der frå før)
3. Registrer deg med Namn, tlf nr og personnr
4. Søk opp Tjørvåg Idrettslag
5. Søk om medlemsskap
6. Faktura vil bli sendt til registrert epost adresse
Vi forstår om dette høyrest komplisert ut, men det er enklare enn det ser ut.
Treng bistand så er vi behjelpeleg med det.
Ta i så fall kontakt på ein av følgande måte:
- Besøk brakka (som regel folk der på kveldstid)
- Send email til medlem@tjorvagil.com
Alle som er støttemedlem skal sendast kontingent året etter.
Medlemskap blir avslutta ved misleghald av betaling eller ved at medlemen sjølv avsluttar sitt medlemskap via www.minidrett.no
eller skriftleg til idrettslaget.
Ønsker du å gi støtte utover dette er det gåve. Same kontonr kan nyttast. Merk gåve og namn
På førehand takk.
Sportsleg helsing
Tjørvåg Idrettslag