top of page

Vinnarar fjelltrim 2022/2023

Elin Hundsnes

5 heldige vinnarar vann fjelltrimmen i fjor. Her kan du sjå kven som var dei heldige.



I fjelltrimåret  2022/2023 var det registrert ca 1500 turar via appen Georeg.  78 nytta appen for registrering. 11 medlemmar i Tjørvåg oppnådde nok poeng til å bli med på trekking av premiar.

For å bli med i trekking av hovudpremien må du vere medlem i idrettslaget og oppnådd minimum 40 poeng eller minimum 20 turar til eit turmål i Georeg appen


Premiar:

1.Gåvekort 500,- sponsa av InterSport Fosnavåg + laddekabel og refleksvest sponsa av Entec

2.Reisebag og laddekabel sponsa av Entec

3.Stål termos sponsa av Ulstein og div sponsa av Sparebanken Møre

Vinnarane av Georeg fjelltrim 2022/2023.

1.      premie: Liv Hilde Nordal Hansen

2.      premie: Elin Hundsnes

3.      premie: Gry Kempton     

 

Vinnaren hadde i 2022/2023 289 turar registrert i Georeg.


Vi har også trekt ein vinnar i kvar bygd i turboka frå det turmålet som har vor mest besøkt. I Tjørvåg var dette Skåla og i Myrvåg Djupvikhaugen. Dei hadde ganske likt tal turregistreringar. I 2022/2023 var det ca 4400 som registrerte seg i turbøkene våra. Dette er lågast tal nokon gong. Vi skulle gjerne sett at fleire skreiv seg i boka eller brukte appen Georeg. Vi brukar desse tal når vi søker mildar.

Vinnarane

Skåla – Ann Helen Brautaset – Stålflaske + div Sparebanken Møre

Djupvikhaugen -  Sofie Lovise Lillestøl Hansen – Stålflaske  + div Sparebanken Møre.

Vi gratulera vinnarane. Vinnarane er kontakta.


Takk til sponsorane av premiar, Entec, Ulstein, Tess og Sparebanken Møre.


Det er fortsatt tid til å vere med på trekking av fjelltrim 2023/2024. Vi ønsker fleire som lasta ned appen og brukar den. Vi ønsker også fleire som deltek som medlem. Då er du også med i trekking av fine premiar. Georeg vert avlest 30.04.2024.

Du finn meir om fjelltrimmen her.

Her finn du ut korleis du kan bli medlem.

Comentarios


bottom of page