Kom i form med Dametrim på Stokksund Skule
- Elin Hundsnes
- 8. aug.
- 2 min lesing
Har du lyst å bli med på dametrim? Vi har plass til fleire om du har lyst å prøve. Her får du litt info om treningane våra.
Det nærmar seg oppstart av ein ny sesong med dametrim. Fleire av oss har holt på sia 2017 når vi starta opp med Dametrim i Tjørvåg IL.
Vi har det veldig kjekt å håper fleire har lyst å bli med å trene ilag med oss. Vi har ledig plass enten du vil trene ein eller to dagar i veka.

Litt om dametrimmen:
· Kven kan vere med? Alle, enten du er ung (minimum 15 år) eller gammal, trent før eller ikkje.
. Lågterskeltrening 1-2 gongar i veka, måndag og torsdag kl 19:30-20:30 i gymsalen på skulen.
· Vi trenar med kroppsvekt og med utstyr som kettlebells, vektstang, manualar, strekk, jumpbox mm. Alle øvelsane kan tilpassast ditt nivå. Vi trenar bl.a sirkel, tabata, AMRAP. Vi har også gått tur med innlagt trening.
· Kvar trening inneheld oppvarming, styrke og kondisjon økt på ca 30-40 minutt og uttøying/avspenning.
· Du trenar i ditt tempo og tar pause om du treng det. Har du vonter eller problem så gi oss beskjed og vi kan evt gi alternativ øvelse. All trening er på eige ansvar og alle er sjølv ansvarleg for å sjekke om det er øvelsar ein skal vere forsiktig med. Høyr gjerne med lege/fysio. Det er ingen problem å trene sjølv om du må gjere alternativ øvelsar eller ta pausar. Her gjer vi det vi klarar og litt er betre enn ingen ting.
· Kven er vi? Elin og Synnøve, som er 2 glade amatørar som har vore med sia 2017 som dela på å ha treningane.
Påmelding og pris:
Alle som trenar må vere medlem i Tjørvåg IL og betale kontingent kr 200,- pr år.
Er du medlem i Moltu eller Gurskøy (MTG klubb) treng du ikkje bli medlem i Tjørvåg IL. Då betalar du kun treningskontingent.
Treningskontingenten er pr no, 400 pr halvår. Alle som er med får ei trenings T-skjorte frå klubbkolleksjonen.
Har du lyst å bli med? Då går du inn på
og melder deg på under innlegget der. Info om påmelding og oppstart vil du finne der. Evt sender melding til Elin Hundsnes. Du vil få tilsendt ein link til Spond som vi nyttar for vidare kommunikasjon og påmelding til treninga.
Minimum for oppstart 12 påmelde måndag og 8 på torsdag.
Har du spørsmål om treninga kan du ta kontakt på PM til Elin eller Synnøve. Evt mobil Elin 91852534 /Synnøve 92434423.




Kommentarer