
Tjørvåg Idrettslag
FJELLTRIM
TURBOK PÅ 14 TURMÅL
20 TURMÅL GEOREG FJELLTRIM
Tjørvåg idrettslag, Trimgruppa har frå 1.5 2021 registrert alle turmåla i Georeg.
Dette er ein app for registrering av trimpostar i fjelltrimmen. Last ned appen i dag og bli med på årets fjelltrim.
Fleire nyttar etterkvar app for registrering av fjelltrimmen. Fleire lokale idrettslag har gått over til Georeg. Bl.a Gurskøy, Ørsta og Sandsøya. Dei har alle god erfaring med å registrere via denne appen.
Vi kjem fortsatt til å ha bøker i kassene å vi oppfordra alle til å skrive seg i boka då dette er tal vi brukar når vi søker midlar.
Last ned appen og registrer deg på www.georeg.no, så er du i gong!
Slik registrerar du deg på Georeg.
Alle kan vere med i fjelltrimmen. Du får full oversikt over eigne turar og poeng.
Alle medlemmar i Tjørvåg IL blir med i tekking av fine premiar.
Vi håper sjølvsagt du har lyst å bli medlem og støtte idrettslaget. Du finn info og kan melde deg inn her.
https://www.tjorvagil.com/stottemedlem
Alle turane gir poeng kvar gong du registrerar deg. Fleire postar vert lagt til innan kort tid. Du kan også registrere deg på postar til andre IL. F.eks Gurskøy sine. Vi har kvar våra poengsystem så det er poeng internt i kvart enkelt idrettslag som teller. På Sollia og Rjåhornet får ein poeng både i Tjørvåg IL og Gurskøy IL. Vi har felles GPS punkt. Poenga vert ikkje slått sammen så ein kan vere med i begge fjeltrimmane og samle poeng. Her er poeng for Tjørvåg IL sine postar.
Desse turmåla er med på Georeg
Rjåhornet 598 moh
Huldrehornet 271 moh
Dyrkyrkja 165 moh
Nakken 180 moh
Rambjøra 132 moh
Stemmedalsvatnet 92 moh
Djupvikhaugen 97 moh
Djupvikvatnet - Halsen
Lidafjellet - kjem i 2024
Skåla 184 moh
Sandvikskaret 98 moh
Sandvikhornet 352 moh
Øyrahornet 418 moh
Nonshornet 485 moh
Sollia 661 moh
Rysseviktua 449 moh
Slettheia 553 moh (ny 2022 ikkje ferdig merka med skilt)
Selsteinen 598 moh (ny 2022 ikkje ferdig merka med skilt)
Herøy Gard - Spelplassen (ny 2023)
Lidafjellet 200 moh (ny 2024)
Her finn du info om turane:
https://www.facebook.com/groups/1648047775411894/photos/?filter=albums