Bedre seint enn aldri men her er vinnarane på Georeg fjelltrimmen.

I 2021 starta vi med Georeg (app) for dei som ønska å vere med i fjelltrimmen. For å vere med på trekking må ein vere medlem i Tjørvåg IL og oppnådd nok poeng i løpet av fjelltrim året.
I 2021/2022 var det 14 som var med på trekking av preimar.
Vinnarane :
Gåvekort sponsa InterSport Fosnavåg kr 1 000,- : Hege Abeltun
Bag sponsa Sparebanken Møre: Thomas S. Leine
Sekk sponsa Sparebanken Møre : Linda Arnesen
Vi vil ha fleire som er med på fjelltrimmen.
Fjelltrim året går frå 1.5-30.04. Du har dermed fortsatt sjans å bli med i år. Last ned appen og meldt deg inn som medlem så er du med. Vi håper endå fleire finn det kjekt å vere med på fjelltrimmen våra. Vi har også premiar for born som er med (må også vere medlem).
Ein kan vere annonym om ein vil det slik at du ikkje viser i statistikken for alle. Då er det kun admin som ser deg. Appen er gratis å bruke, men ønsker ein Pro versjonen så er det eit lite beløp i året. Treng ikkje den for å være med.
Du finn meir info om Fjelltrimmen og korleis du kan bli medlem her .
Håper å sjå endå fleire medlemmar på lista neste gong vi trekker premiar.
Har du spørsmål kan du sende epost til medlem@tjorvagil.com eller ei melding til leiar Elin Hundsnes
Takk til sponsorane InterSport Fosnvavåg og Sparebanken Møre
Comments