1 mai startar sommersesongen for Stikk Ut. Heile 503 turmål i 27 kommuner i Møre og Romsdal er no klare for turgåarar.
Herøy har 15 turar med på årets Stikk UT. 3 av turmåla er Trimgruppa Stikk UT vert for. Det er Skåla, Huldrehornet og Rjåhornet på Gurskøya. Desse 3 er også med på Herøy 10 på topp.
Turane er no ferdig merka med Stikk UT skilt og kode på toppen.
Parkering. Vi minner om at med både Stikk UT og Herøy 10 på topp på desse turmåla, kan det blir fult på dei merka parkeringane. Vi ber om at de ikkje parkerar lags veg eller i private oppkjørsler. Alle parkeringane er merka og er det fult så finn ein av dei andre parkeringane. Parkering er merka av på karta våra.
Last ned appen og bli med på årets Sommar Stikk UT!. Turane som er merka finn du i appen/morotur.
Kart over alle Stikk Ut turane er sendt ut til alle innbyggarane, men du finn det også er her.
Rjåhornet er ny Stikk UT tur i år. Her ligg fortsatt litt snøbrede i den merka råsa som må forserast så godt skotøy er lurt.
@foto elin
Comments