top of page

Tjørvåg IL – Dametrim feira 10-årsjubileum! 🎉

Elin Hundsnes
for 12 timer siden
2 min lesing

Laurdag 14. november feira dametrimmen i Tjørvåg IL 10-årsjubileum med ein inspirerande og sosial dag på Stokksund skule.

Vi fekk besøk av Ingeborg Tusvik Nupen frå ABEL Helse i Ørsta, som heldt eit interessant og lærerikt foredrag om kvinnehelse. Etterpå vart det ei aktiv og kjekk treningsøkt med både utfordringar, meistring og mykje treningsglede! 💪

Foredrag om kvinnehelse
Foredrag om kvinnehelse

10 år med treningsglede og fellesskap! 💚

Dametrimmen starta opp i januar 2017, og når 2026 er omme, har vi halde på i 10 år!

Vi starta med éin treningsdag i veka, nokre få treningsmatter og nesten ikkje noko utstyr. Gjennom åra har tilbodet utvikla seg, og dei siste åra har vi hatt faste treningar to dagar i veka. Vi har også gradvis bygd opp eit godt utval av treningsutstyr som gir oss mange moglegheiter til variert trening, der kvar enkelt kan tilpasse øvingane etter sine eigne føresetnader.

Heilt frå starten har målet vore å skape eit lågterskel treningstilbod der alle kan kjenne på treningsglede, meistring og fellesskap, uavhengig av alder og fysisk form.

Vi er utruleg takksame for alle damene som har vore innom dametrimmen gjennom desse åra. Det er nettopp dåkke som har gjort det mogleg for oss å halde fram år etter år! ❤️


Trening etter foredraget
Trening etter foredraget

Ein stor takk også til alle som har stilt opp som trenarar gjennom desse åra. Dåkke har vore viktige bidragsytarar til at vi har klart å halde tilbodet i gang og utvikle det vidare.

Vi er både stolte og glade for at vi gjennom dugnadsinnsats kan tilby eit slikt treningstilbod i nærmiljøet.


Jubileumsdagen vart ei flott markering med både fagleg påfyll, trening, sosialt samvær og konkurransar. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar og håper å kunne arrangere liknande samlingar i framtida.


Ein stor takk til Ingeborg, alle deltakarane, dei frivillige og dei flotte sponsorane våre som var med på å gjere jubileumsdagen så vellukka!

Takk til Ingeborg for ein flotte dag.
Takk til Ingeborg for ein flotte dag.

Vi gler oss til mange fleire år med treningsglede, samhald og aktivitet i nærmiljøet! 💚



Kommentarer


bottom of page