Tysdag var Trimgruppa igjen med å arrangere aktivitet i Kulturveka i Herøy. Her var det naturbingo for borna på veg opp til Skåla og på toppen vanka det giweavays frå Havlandet og drops og sjokolade frå Sparebanken Møre.

Ca 25 store og små tok turen til Skåla denne ettermiddagen. Skulen hadde før på dag vore på Skåla opp så med tanke på det var vi godt førnøgde med oppmøtet. Etter ein dag med mykje regn og våt turløype så vart det ein fin kveld likevel.
Vinnarane av naturbingoen vart:
Sekk - sponsa Metizoft - Karoline
Sekk mm - sponsa Kiwi - Emilja
Gympose med div - Sponsa Sparebanken Møre - Jakob Ludvik
Vinnarane er kontakta.
@foto Elin
@foto Petter Ole
@foto Guro A
Comentários