top of page
  • Elin Hundsnes

Herøy 10 på topp 2022

Fredag 8.april opnar salet for årets Herøy 10 på topp. Tjørvåg IL har 4 A turmål og 1 B turmål med i år.

Skåla i Tjørvåg @foto elin

Konvoluttane som inneheld klippekort, forklaring til toppane og kart, skal vere klare for sal før påske, fredag 08. april, seinast kl. 18.00.


Konvoluttane kan du kjøpe ved:

  • Intersport Fosnavåg

  • Handelshuset, Joker på Nerlandsøya

  • Coop i Tjørvåg

  • Coop på Moltu

  • Coop på Leikong

  • Kiwi i Myrvåg

  • YX på Eggesbønes

  • Servicetorget ved Herøy rådhus

Om betaling:

Ein konvolutt kostar kr. 100,-. For utsalsstadane sin del ynskjer vi at du betalar med Vipps.

Vipps til: 516813 - merk vipps med namnet på staden du kjøpte det, eks: Coop Leikong.

Meir info på Herøy Kommune


Årets turar ser slik ut:

Husk å registrer deg på Georeg også når du går på turmåla våra. Du finn meir info om Fjelltrimmen til Tjørvåg IL - Trimgruppa her.

Ha eit flott turår. Snart kjem også info om årets Stikk Ut turar.

187 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page