top of page
Elin Hundsnes

Dugnad på stien til Djupvikhaugen



Djupvikhaugen er eit populert turmål i tursiprosjektet. Dette er ein lavterskel tur som mange klarer å gå. Kombinert med å gå langs med Djupvikvatnet er dette ein fin rundtur.


Turstiprosjektet held no på med litt dugnad på stien over Djupvikhaugen. Med mange som går blir stien opptrakka i tillegg til at det har vore ein del våte parti heile vegen. Ved mykje nedbør er her gjørmete og traisig/glatt å gå. For å unngå at stien breia seg utover meir og meir prøver vi no å gjer nokre av desse partia bedre.

Vi har starta på stien ved vatnet der vi har grøfta og lagt på grus på nokre parti som ikkje var råd på anna vis å få bedre (grus har vi fått sponsa med Ulstein Knuseverk)


Vi har tidlegare lagt ut nokre trebruer og vi har no laga ei lenger bru i stikrysset mot gapahuken. Her var det no nesten uråd å passere utan å bli våt. Vi skal ta nokre av dei verste plassane slik at det skal bli bedre å gå etter kvart. Vi vil også forbedre nokre av dei våtaste partia frå Halsen å opp. Det er ikkje mogleg å lage tørre stiar på desse kantar, men ved å tilrettelegge litt så unngår vi i alle fall att stiane blir utover trakka.

Ny trebru


Har du lyst å støtte arbeidet vårt så send oss ein Vipps. Merk gjerne med "gåve turstiprosjektet". Vi er takknemmelige for alle som vil støtte oss.



166 visninger0 kommentarer

Comments


bottom of page