top of page
  • Elin Hundsnes

Aktivitet, vafler og tombola på Kiwi Myrvåg laurdag 23.09.23 til inntekt for Unicef.

Laurdag stiller Trimgruppa og Aktiv ungdom opp på Kiwi Myrvåg med aktivitetar og hjelper til med vaffel steiking og tombola mellom kl 11.00 og 14.00 i samband med innsamlinga som Kiwi Myrvåg har til Unicef.


"KIWI har vært signaturpartner til UNICEF siden 2010". No samlar dei inn pengar til vannprosjekt, noko som Kiwi Myrvåg ønsker å støtte opp om på laurdag. Då vert det servert vafler til kundane og sal av tombola med fine premiar til inntekt for prosjektet.

Vi i Tjørvåg IL - Trimgruppa har godt samarbeid med Kiwi Myrvåg og ønsker å støtte opp om prosjektet. Vi stiller med gratis aktivitetar for borna og hjelper til med vaffelsteiking og sal av tombola.

Du finn meir om samarbeidet med Unicef her.


Kom å støtt opp om prosjektet. Aktivitetane til trimgruppa finn du på avstengt parkeringsområdet mellom Kiwi og Metizport.



Info om aktivitetar i trimgruppa finn du her.


47 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page