top of page
  • Elin Hundsnes

1.mai opnar sommar Stikk UT sesongen.


I Herøy er det i 2023 sesongen 15 turar som er Stikk UT turmål. Ingen nye frå i fjor. I heile fylket er det over 500 turmål fordelt på 27 kommunar.

Turar som vi har merka i Tjørvåg IL er Huldrehornet, Rjåhornet på Gurskøya og Skåla.



Du finn liste over alle turane i Herøy lenger nede. Gjer oppmerksam på at Storeronda på Moltu og Laupsnipa ikkje vert opna 1. mai pga snø. Det er viktig no i starten av året at de nyttar appen for å sjekke om turmåla er opna. Det vil også ligge snø på Rjåhornet dei fyrste dagane men denne er open.

Parkering. Vi ber om at kun merka parkering vert nytta. Spesielt er dette viktig I Djupvika til Rjåhornet. Her er parkeringa flytta til krysset. Her vil store delar av sesongen vere mykje anleggsarbeid og trafikk og dermed viktig at desse ikkje vert hindra med feilparkering. Er det ikkje plass så må neste parkering nyttast. Vi ber om at de ikkje parkera lags veg eller i private oppkøyrsler. Alle parkeringane er merka med P skilt. Parkering er merka av på karta våra.

Ny parkering i Djupvika. Den andre skal ikkje brukast i annleggsperioda

Last ned appen og bli med på årets Sommar StikkUT! Turane som er merka finn du i appen/morotur.

Kart over alle Stikk Ut turane er sendt ut til alle innbyggarane.

Alle turane i Herøy i år

Nr. 131. Byvandring rundt Våje Fosnavåg

132. Eggesbøvegen til endes

133. Golleneset på Nerlandsøy

134. Herøy gard

135. Huldrehornet på Gurskøy

136. Igesundvarden Bergsøya

137. Laupsnipa på Gurskøya – Stengt til 15.05 inntil vidare

138. Leinehornet på Leinøya

139. Lysløypa på Leikong

140. Remøykammen og Vardane på Remøya

141. Rjåhornet Gurskøy

142. Rjåhornet på Nerlandsøy

143. Skåla på Gurskøya

144. Storeronda på Moltu - Stengt til 15.05 inntil vidare

145. Vardeheida på Leinøy

63 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page