Tjørvåg Idrettslag
SPONSORAR
HAR DU LYST Å STØTTE ARBEIDET TIL TRIMGRUPPA/TURSTIPROSJEKTET?
Vi set pris på all støtte vi kan få.
Frå 2014 har fleire sponsorar støtta opp om aktiviteten til Trimgruppa.
Turstiprosjekt , fyrste og største prosjektet med oppstart i 2014. I 2017 starta vi med Dametrim og 2020 fyrste Barnetrim gruppa, som i 2023 teller 3 grupper i alderen 2-13 år. Trimgruppa er også aktive med fjelltrim, Gurskøya Rundt, rebusløp, fjellturar, aktivitetsdagar mm.
Takk til sponsorar som har støtta arbeidet vårt desse åra. Utan dykkar støtte har vi ikkje kunna kjøpt utstyr til dametrim, barnetrim og andre aktivitetar. Og ikkje minst turkasser, turbøker, skilt, materialar til bru og kloppbygging. Ca 50 km med merka turstiar har ikkje lete seg gjere utan dykka støtte.
Kiwi Sparebanken Møre Sparebank 1 Søre Sunnmøre Sparebanken Vest
HAV Tussa
Takk også til private som har støtta Turstiprosjektet.
HAR DU LYST Å STØTTE TRIMGRUPPA / TURSTIPROSJEKTET
VIPPS # 516938 Tjørvåg IL - Trimgruppa
Bankkontonr 3910 49 85142 Merk Støtte trim
Ta kontakt med leiar og du ynskjer å støtte med større beløp så gjer vi ein avtale.
SPONSOR - Turstiprosjektet i Myrvåg og Tjørvåg
Prosjektet er ein del av «Det skal merkes over hele landet» der vi fekk midlar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune / Gjensidige stiftelesen
Vi merkar etter Merkehandboka som er ein felles standard for merking og eit krav for å få desse midlane.
Vi fekk også midlar frå Herøy Kommune, Marine Harvestfondet, Tussa og andre lokale bedrifter som har bidratt med både midlar og sponsing av diverse materiell og turkasser.