top of page

DAMETRIM

Dametrim på Stokksund Skule vår og haust – 1 til 2 gongar i veka.

Dametrim på Stokksund Skule vår og haust – 1 til 2 gongar i veka.​

Måndag kl 19:30 - 20:30

Torsdag - 19:30 - 20:30 

Instruktør Elin, Synnøve og Frida


Lavterskel trening. Tilpass øvelsane til ditt nivå. 

Vi trenar ca 1 t. Oppvarming, styrke og kondisjon, sirkeltrening, tabata, AMRAP mm. Uttøying/avspenning.

Det ligg litt info på heimesida under Trim, som er lagt ut tidlegare.

Alle som deltek på dametrim må vere medlem i Tjørvåg IL – Trim eller ein av MTG klubbane

Medlemskontingent kr 200,- pr år. 

Innmelding medlem skjer via Min Idrett
I tillegg kjem treningsavgift. Den er ikkje fastsett enno for 2026.

Oppstart måndag 05.01.2026

Påmelding skjer via Facebook gruppa Dametrim 2026

Vi brukar SPOND for dei som er påmelde. 

Har du spørsmål ta kontakt med leiar Elin Hundsnes

Tilbakemelding vi har fått 

"Frå å byrje på null med krampe etter oppvarminga til å føle seg mykje sterkare etter kvar trening.

Progresjonen skjer raskt og antall kg som ein lyfta fyrste gongane no er lett. Den høge kassa vi skal trakke opp på er

ikkje lenger så høg. Veldig kjekk trening både fysisk og psykisk! Godt å kome seg ut av huset og ha avtale med fleire enn seg sjølv.

Avtalar med kun meg har ein tendens til å verte avlyste".

"Det gir sjølvtilit og meir energi i kvardagen. Å eg var ikkje i så mykje dårligare form en "alle andre" i verden.

Kjekt å møte bygdakjæringane"

bottom of page