top of page
Elin Hundsnes

Tusen takk til Sparebanken Møre for Teft-midlar til trebruer turstiar.



Vi sete stor pris på lokale sponsorar som Sparebanken Møre som støttar oss når vi har prosjekt som treng midlar. I haust fekk vi tildelt Teft-midlar på kr 25 000,- til prosjektet vårt med trebruer. Det er nokre av dei mest traffikerte turmål som vil bli lagt ned trebruer/klopper i løpet av 2022.


Vi har starta med Djupvikhaugen der vi allereie har fått lagt ned fleire bruer på området som er veldig våte.

Vi ser ved mykje nedbør og turar som er mykje nytta så blir råsene veldig blaute og stiane tek nye vegar. Vi legg derfor trebruer på dei værste områda og der det står dammar. Dette er for å bevare naturen rundt så det ikkje blir fleire råser pga turgåarar begynner å finne nye vegar å gå grunna der er vått.


Det er ikkje slik at vi no skal legge trebru/kloppar på alle våte områder, men det nokre stadar der det er vankeleg å gå utan å legge utanom stien for å kome seg fram.


Det tar tid å få lagt ut desse trebruene så det blir nokre trimturar for oss jobbar med prosjektet dette året.


@foto elin



133 visninger0 kommentarer

Comments


bottom of page