top of page
  • Elin Hundsnes

Tusen takk til LHL Søre-Møre for gåve til Trimgruppa.

Torsdag dukka 2 kjekke karar frå LHL Søre-Møre opp på dametrimmen med ei kjekke pengegåve til Trimgruppa.


Leiar for lokallaget Sigmund Nymark og kasserar Fritjof Husøy overbringa det kjekke gåve på kr 10 000,-. Den fekk trimgruppa som takk for jobben vi har gjort med stiane vi har rydda og merka i Myrvåg og Tjørvåg.

LHL har ei eiga trimgruppe og nyttar mange av stiane vi har merka.

Kvart år gir LHL Søre-Møre ut 1-2 årmøtegåver, og i år var vi ein av dei heldige.


Trimgruppa og Turstiprosjektet i Myrvåg og Tjørvåg takkar for den flotte gåva som skal bli nytta godt.


Å merke ca 50 km med med tursti i Myrvåg og Tjørvåg hadde ikkje lete seg gjere utan gjengen som har vore med sia 2014. Ein ekstra stor takk til Arnt Flatmo som har bidratt både med kunnskap og ikkje minst val av ruter og merking. Prosjektet hadde heller ikkje lete seg gjere utan sponsorar og gåvegivera.


STØTTE TRIMGRUPPA / TURSTIPROSJEKTET

VIPPS # 516938 Tjørvåg IL - Trimgruppa

Bankkontonr 3910 49 85142 Merk Støtte trim


Leiar Elin Hundsnes





227 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page