top of page
  • Elin Hundsnes

Tjørvåg IL treng ny leiar.




Noverande leiar Åsmund Eide ønsker å gå av på årsmøtet 22. mars.

Han har vore leiar dei siste 4 åra og vil fortsette i styret som leiar for marknad.

Å vere leiar høyrest meir omfattande / større ut enn det er.

Hovedsakleg er du ansvarleg for innkalling av styremøter og gjennomføring av desse.

Som leiar har du resten av styret å diskutere sakene med og fordele oppgåver på.

Det er utarbeida instruks for leiar.

Det er givande å drive frivillig arbeid for at vi skal kunne ha tilbud i Tjørvåg.

Det vert gitt kompensasjon for vervet.

Kan du tenke deg å verte leiar i Tjørvåg IL?

Ta kontakt:

  • Leiar i Tjørvåg IL Åsmund Eide

  • Leiar valnemd Erik Ljotebø


105 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page