Noverande leiar Åsmund Eide ønsker å gå av på årsmøtet 22. mars.
Han har vore leiar dei siste 4 åra og vil fortsette i styret som leiar for marknad.
Å vere leiar høyrest meir omfattande / større ut enn det er.
Hovedsakleg er du ansvarleg for innkalling av styremøter og gjennomføring av desse.
Som leiar har du resten av styret å diskutere sakene med og fordele oppgåver på.
Det er utarbeida instruks for leiar.
Det er givande å drive frivillig arbeid for at vi skal kunne ha tilbud i Tjørvåg.
Det vert gitt kompensasjon for vervet.
Kan du tenke deg å verte leiar i Tjørvåg IL?
Ta kontakt:
Leiar i Tjørvåg IL Åsmund Eide
Leiar valnemd Erik Ljotebø
Comments