top of page
  • Elin Hundsnes

Moltustranda IL og Tjørvåg IL signerer med Hummel


Moltustranda IL og Tjørvåg IL har signert ein 3-års avtale med Hummel for sesongane 2022-2024.

Avtalen omfattar all bekledning for begge klubbane og går gjennom Intersport Fosnavåg.

Moltustranda, Tjørvåg og Gurskøy IL samarbeider på alle lag over 13 år, medan Moltustranda og Tjørvåg samarbeider på lag under 13 år i tillegg.

Frå sesongen 2022 skal alle samarbeidslag ha like Hummel drakter og like Hummel overtrekk.

Dette for å bygge ein felles identitet og å komme unna bruk av drakter frå alle tre klubbane som det har vore dei siste sesongane.


På bildet ser vi frå venstre:

Leiar i Tjørvåg IL Åsmund Eide i burgunder drakt, som vert draktfargen for alle samarbeidslag.

Jørgen Fjellstad frå AssistCo, leverandør av Hummel.

Leiar i Moltustranda IL Stig Moltu i gul drakt, som er eit alternativ for Moltu friidrett og evt. egne MIL lag i fotball.


170 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page