top of page
  • Elin Hundsnes

Kom i form med Dametrim på Stokksund Skule våren 2024

Godt nyttår. Er du klar for å starte 2024 med trening? Då har du mulighet for å bli med på lavterskel tilbodet vi har i Trimgruppa.


Oppstart i veke 2

Måndag 1930-2030

Torsdag 1900-2000 (obs ny tid) med forbehald om nok påmelde.


Vi har det veldig kjekt å håper du har lyst å bli med å trene så vi kan fortsette å ha eit lågterskel tilbod i nærmiljøet. Fleire har vore med sia oppstart 2017.


Nokre av oss som var med i vår, med gjesteinstruktør . Det har vi hatt av og til.


Litt om dametrimmen:

  • Kven kan vere med? Alle, enten du er ung (minimum 15 år) eller gammal, trent før eller ikkje.

  • Lågterskeltrening 1-2 gongar i veka, måndag og torsdag i gymsalen på stokksund skule.

  • Vi trenar med kroppsvekt og med utstyr som kettlebells, vekstang, manualar, strekk, jumpbox mm. Øvelsane kan tilpassast ditt nivå.

  • Vi trenar bl.a sirkel, tabata, AMRAP.

  • Vi har også gått tur med innlagt trening.

  • Kvar trening inneheld oppvarming, styrke og kondisjon økt på ca 30-40 minutt og uttøying/avspenning.

  • Du trenar i ditt tempo og tar pause om du treng det. Har du vonter eller problem så gi oss beskjed og vi kan evt gi alternativ øvelse.

All trening er på eige ansvar og alle er sjølv ansvarleg for å sjekke om det er øvelsar ein skal vere forsiktig med. Høyr gjerne med lege/fysio. Det er ingen problem å trene sjølv om du må gjere alternativ øvelsar eller ta pausar. Her gjer vi det vi klarar og litt er betre enn ingen ting.

  • Kven er vi? Elin og Synnøve, som er 2 glade amatørar som har vore med sia 2017 og som dela på å ha treningane.


Påmelding og pris:

Alle som trenar må vere medlem i Tjørvåg IL og betale kontingent kr 200,- pr år. I tillegg betalar ein treningskontingent, som vil variere. For våren 2024 er det kr 400,-. Då kan ein trene begge dagane. Totalt kr 600,-


Har du lyst å bli med? Då går du inn på Dametrim 2024 Tjørvåg IL- Trim , melder deg på under innlegget der. Evt sender melding til Elin Hundsnes. Du vil då få tilsendt ein link til Spond som vi nyttar for vidare kommunikasjon og påmelding til treninga.

Frist for påmelding 05.01.2024

Minimum for oppstart 12 påmelde måndag og 8-10 på torsdag.


Har du spørsmål om treninga kan du ta kontakt på PM til Elin eller Synnøve.

Evt mobil Elin 91852534 /Synnøve 92434423.


Del gjerne og tips vidare.


Nokre tilbakemeldingar vi har fått :

"Frå å byrje på null med krampe etter oppvarminga til å føle seg mykje sterkare etter kvar trening.

Progresjonen skjer raskt og antall kg som ein lyfta fyrste gongane no er lett. Den høge kassa vi skal trakke opp på er ikkje lenger så høg."

" Veldig kjekk trening både fysisk og psykisk! Godt å kome seg ut av huset og ha avtale med fleire enn seg sjølv.

Avtalar med kun meg har ein tendens til å verte avlyste".

"Det gir sjølvtilit og meir energi i kvardagen. Å eg var ikkje i så mykje dårligare form en "alle andre" i verden.

Kjekt å møte bygdakjæringane"

300 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page