Måndag var det oppstart av det nye tilbodet i Trimgruppa. Barnetrim Mini. Her er det born i alderen 2-4 år som får utfordre seg i forskjellig leik og aktivitet.
7 born var på fyrste treninga, i lag med foreldre og besteforeldre😊. Starta med aktivitetssong og presentasjon, før aktivitetsløype og frileik. Avslutta med fallskjermen der borna var under og dei vaksne styrte skjermen😊 Kjekke trening.
Gruppa har trening 2. kvar måndag i gymsalen på Stokksund Skule kl 17.00-17.45.
Er det fleire som har lyst å bli med på Barnetrim Mini så er det fortsatt moglegheit for det. Du finn meir info om Barnetrim Mini her og påmelding på Facebook her.
@foto Sunniva
Comments