top of page
  • Elin Hundsnes

Kjekke aktivitetsdag på Kiwi Myrvåg

I samarbeid med Kiwi Myrvåg hadde trimgruppa laga til rebusløpløp . I tillegg hadde vi tipp og vinn, ringkast konkurranse og loddsal.

Alle som fullførte rebusløpet fekk sponsa premie frå Kiwi. Ein pose med frukt og smoothie og giveavays der freesbe, drikkeflaske, sekk mm var ting dei kunne velge mellom.

Vi trekte også 3 premiar der vinnarane var:

Jone Molskred - Gymbag med flaske, matboks mm - Sponsa Sparebanken Møre

Ronja Nykrem Vilhelmsen - Gymbag med flaske, matboks mm - Sponsa Sparebanken Møre

Anna Lillerovde - Karamellene som vart tippa på i rebusen og såpeboble/buff sponsa av SPM

Flinke rebus gåera med rette svar, men den vanskelegaste var nok tippinga. Det var 58 karameller i glaset og pinnen var 76 cm. Ingen tippa rett her men fleire var nær både på pinnen og karamellene.

Både store og små synes det var kjekt med rebus. Nokre gjekk og nokre sykla runda. Regnet holdt unna til dei 3 siste som vart blaute.

Guro Gausemel i full konsentrasjon for å finne ut kor mange drops og sjokolade det var i glaset. Her var det 19 drops og 7 sjokoladar. Ei tippa rett her.

Gry/Ida-Mari Leikanger Sande - dei fekk innholdet og ein gympose med div sponsa av Sparebanken Møre.

Mange prøvde seg også på ringkast konkurranse. Det var ikkje så heilt lett å treffe, men med litt øvelse så gjekk det.


Tusen takk til alle som støtta oss med å kjøpe lodd. Det er fortsatt mogleg å kjøpe tom søndag 22.05.22.

Takk til dei som sponsa premiar til loddboka.

Andre premiar frå Sparebanken Møre og Kiwi

+ premie sponsa av Metizoft og Kiwi som ikkje står på lista.


Litt forsinka kom også hoppeslottet på plass, og kake, is og kaffi vart servert inne på Kiwi.



@foto elin, arjan, guro

222 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page