• Elin Hundsnes

Juleavslutning Aktiv Ungdom og Barnetrim

I haust har vi vore 29 aktive i Aktiv Ungdom og Barnetrimmen. Begge gruppene har no hatt kjekke avslutning av sesongen.


Aktiv Ungdom hadde juleavslutning onsdag 8.desember i klatrehallen i Ulsteinvik. Vi leigde hallen med instruktør Lisbeth H.Longva. Alle var kjempeflinke å klatre sjølv om fleire ikkje hadde klatra noko frå før av, og nokre hadde litt høgdeskrekk. I tillegg til trenar Guro Aksnes var Guro Gausemel med då ho har brattkort. Aktiv Ungdom har i haust hatt 10 aktive medlemmar.


Barnetrimmen hadde si avslutning på Sunnmørsbadet med med bading 30.november. Her stilte også foreldre opp som vakter i bassenget. Vi har i haust vore 19 medlemmar i barnetrimmen.


Vi treng ny trenar/trenarar for barnetrimmen

Nora og Torine har vore trenarar i haust, men dei har no fått seg jobb og kan dermed ikkje ta på seg barnetrimmen etter nyttår.

Vi treng derfor foreldre eller nokon som har lyst å ta på seg denne kjekke gruppa vidare. Vi synes det er veldig dumt om vi ikkje får starta opp igjen etter nyttår.

Ta kontakt om dette er noko du kan bidra med. Fleire foreldre kan f.eks dele på og Guro og Elin vil hjelpe til med oppstart av gruppa for den som tek over.

Tips oss gjerne om det er ungdom eller andre som kan vere aktuelle.



51 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle