top of page
  • Elin Hundsnes

Idag startar Stikk UT! Vinter


15. desember går startskuddet for Stikk UT! Vinter 2023.

Stikk Ut! vinter har i år 349 turmål. 8 av desse turmåla er i Herøy Kommune.

I Tjørvåg IL er det Djupvikvatnet til Djupvikhaugen som er årets Stikk UT! Turmål. Turen er godt merka og ein fin kveldstur med haudelykt. Også i år har Turstiprosjektet sett opp juletre som lyser no i desember. I tillegg er her 2 benkar som ein kan nyte utsikta eller ta seg ein rast.


Alle som skriv seg i boka på Djupvikhaugen mellom 15.12 til 2.påskedag er med på ei trekking av premie ifbm Stikk UT! Vinter




Turmåla i Herøy Stikk UT! Vinter 2023

I tillegg til 142 skiturar presenterer Friluftsråda heile 207 fotturar i årets sesong! Alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Heim og Lesja/ Bjorli er med og byr dermed på den største Stikk UT! Vinter nokonsinne.


«Ta på varme kle, fyll sekken med varm drikke og godsaker og finn di vinterperle», er oppfordringa frå friluftsråda.

I linken under kan du sjå oversikta over årets tura!


59 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page