top of page
  • Elin Hundsnes

Godt oppmøte på hausten fyrste barnetrim


Onsdag var det endeleg klart for å starte opp att barnetrimmen i Stokksund. Det vart ein brå slutt i vår når koronaen stengde ned all aktivitet.

Gjengen med litt av ustyret vi har kjøpt inn


11 gutar og jenter møtte på haustens fyrste barnetrim og det såg ut som gjengen synes det var veldig kjekt å begynne på att.

På grunn av koronaen får vi ikkje lenger nytte ustyr som er på skulen. I vår søkte vi Sparebanken Møre om Teft midlar. Gleda var stor når vi fekk positivt svar og tildelt 15 000,- . Kjærkomne midlar der vi blant anna har kjøpt inn ein aktivitetspakke med mange kjekke aktivitetar.


Barnetrimmen er frå 3.klasse og oppover. Pr no er vi 17 påmelde og har maks 20 plassar pga koronaen. Vi har godkjent smittevernplan og det er viktig alle følgje denne.


Tusen takk til Sparebanken Møre som støtta oss med Teft midlar slik at vi fekk kjøpe inn ustyr så vi fekk starte opp at. Ikkje alle spelar fotball derfor er det kjekt at vi kan tilby andre aktivitetar i Trimgruppa til desse.


Du finn meir info om barnetrimmen på Facebook gruppa Barnetrim, Tjørvåg IL -

Leiar for barnetrimmen er Guro Kvalsund Aksnes


Vi har diverre ikkje tilbod for dei som er mindre pr. i dag men om nokon har lyst å ta på seg leiaransvar for ei gruppe så hjelper vi til med oppstart.

167 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page