top of page
  • Forfatterens bildeArjan Sakarias Dalsøren

FLASKEINNSAMLING

Frå måndag 28. september til søndag 4. oktober 2020 vil du få besøk frå nokon i Tjørvåg Idrettslag. Då kan du gi dine tomme flasker og boksar til inntekt for idrettslaget.


Så finn fram flasker og anna som kan pantast, vi kjem og samlar inn. Ein god måte å bli kvitt flasker og boksar på, og samtidig støtte oss!


De kan gjerne ha flaskene i ein sekk, skrive «TIL» på sekken med spittusj og setje sekken utanfor døra di. Då veit dei som hentar at det er til oss, og det er meir koronavennleg.

Husk! Kun pantbare flasker og ikkje anna i sekken, og dei må vere tømde.

Litt frå dykk vert mykje for idrettslaget.


207 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page