Det var litt nervøs stemning i salen ved oppstart av dametrimmen denne hausten.
Vi er så heldige vi har fått ny instruktør til dametrimmen, Stine Mari Hasfjord. Ho har drive med vektløfting i 10 år og er utdanna personleg trenar, dermed har vi i haust instruktør som kan veilede å hjelpe med teknikk å tilpasse øvelsar der det trengs.
11 spente damer starta måndag denne veka. Litt fordi mange av oss ikkje har trena noko særleg styrke siste månadane, og litt fordi det var litt "skummelt" med ny instruktør.
Fryste treninga var ein "mjuk" start med teknikk trening og ei runde med styrkesirkel, men er ganske sikker på at i alle fall nokre av oss merka treninga ein dag eller to likevel. Vi skal nok få kjørt oss etter kvart utover hausten.
Kjekt å vere i gong igjen så håper vi at alle held seg friske, og at vi får halde på utover hausten utan at koronaen stoppar oss.
Vi teke diverre ikkje inn nye til gruppa etter oppstart. Vi håper at dette blir eit tilbod som vi også kan fortsette med etter nyttår.
Comments