Med lause stikker og toppstolpe var det berre å legge turen til fjells
Lause stikke er slikt som førekjem. Spesielt området Nonshornet, Sollia, Rjåhornet der det går 4 beinte som tydeligvis likar stikkene våra.
Arnt la turen til Sollia og sjekka over stikkene der og Johnny og Elin tok turen til Nonshornet og fekk festa stolpen og kassa til vinteren. Litt maling og bytte av refleks vart det også. Planen var å gå vidare mot Sollia å male, men med heftig vind på toppen vart det ikkje fristande å fortsette vidaren innover fjellet denne turen.
Maling og bytte av refleks
Toppstolpe og kassa blir festa
Nonshornet byr på flott utsikt. Diverre er stien ganske våt og litt gjengrodd i starten, men med gode sko så betalar det seg med flott utsikt etter kvart.
Utsikt mot bl.a Ulsteinvik og Dimna
Dagens rute på ca 9,6 km t/r Sollia. Frå Nonshornet kan du gå vidare på merka stiar både til Sollia og Rjåhornet.
Vi ynskjer tilbakemelding om de ser lause stikker eller andre ting som må fiksast. Har du moglegheit så set vi pris på om du hjelper oss med å sette stikker fast eller gir oss beskjed. Vi har over 1 000 stikker utplassert så vi klarer ikkje å sjekke alle.
Foto @arnt og @elin
Kommentare