Dametrimmen på tur til Hasundhornet og Tverrliskaret/Gapahuken i Gjerdsvika.

Vindfult stoppar ikkje dametrimmen for å kome seg på tur.

Gapahuken Gjerdsvika. Kristin, Linda, Rita, Merethe og Synnøve


Å kome seg ut i naturen gjer godt både for kropp å sjel. Spesielt i desse tider med korona og mange ting som er annleis. Om ikkje veret er heilt på topp så er humøret på topp når vi er på tur. Har du lyst å bli med oss på tur så finn du meir info korleis du kan bli med lenger nede.


Hasundhornet 10.09 - Her testa vi turveien som er ca 1,1 km. Vi ville ha litt meir trim så vi starta ved gamleråsa og gjekk veien fram til turveien starta. Litt småsurt på toppen men like blide. Fine tur og utsikt på toppen.

Linda, Nina, Reidun, Rita og Åse.


Tverrliskaret/Gapahuken Gjerdsvika 17.09 - I fint haustver og ganske så vindfult tok vi turen til den flott gapahuken som Gjerdsvika IL har bygt. Skulle gjerne hatt litt sol men flotte haustfargar fekk vi. Vi starta på Moltu å gjekk frå parkeringa før Sæddalvegen. Her gjekk vi ca 1,5 km på vei før vi tok av mot Herøyfjøsen. Frå fjøsen gjekk vi på merka sti etter dyrka marka. Fine og lette tur på ca 1,5 km frå Herøyfjøsen. Frå gapahuken kan ein gå ned i Gjerdvika, til Hildsegga og mange andre fine merka turar i området.

Fint å ta med niste og kaffi og ta ein rast i gapahuken.


Turkart over merka turar til Gjerdsvika IL


Har du lyst å bli med oss på tur så finn du oss på Facebook gruppa til dametrimmen, evt sende melding til Elin Hundsnes. Etter kvart vil dametrimmen starte opp att med trening i Stokksund. Det vert i år ikkje høve for nye medlemmar å starte.

https://www.facebook.com/groups/1460469340687278


@foto elin



234 views0 comments

Recent Posts

See All