top of page
  • Elin Hundsnes

Dametrimmen med sommartrim over Sandvikskaret.

Ein kjekke gjeng frå dametrimmen tok idag utfordringa og vart med å teste trimmen som vi har hengt opp over Skaret.


Som alt anna vart det brå stopp med dametrimmen før påske. Det var derfor kjekt å få i gong litt aktivitet igjen, og det gjorde vi med å teste trimmen som vi har hengt opp ilag med rebusen over Skaret. 6 damer tok utfordringa og vi gjekk t/r og trimma begge vegar dei 9 øvelsane. Med korona avstand på 1 med gjekk det heilt fint og vi fekk opp pulsen både i motbakkane og trening.


Vi satsar derfor på å gjenta neste veke. Vi kan vere max 20 stk. Påmelding er for dametrimmen men vi opnar for andre som har lyst å prøve. Send ei PM på Facebook til leiar Elin Hundsnes eller på facebook til dametrimmen https://www.facebook.com/groups/1460469340687278/


Veldig kjekt og tilbakemeldinga var: "Dette kvar kjempekjekt", "dette tregte vi", "kjekt å gå ilag", "ein fin aktivitet å ta med ungane på, men trim og rebus" På rebusen kan du vinne om du leverea inn svaret.


@foto elin




239 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page