top of page
  • Elin Hundsnes

Bli med på Stikk Ut! vinter 2023-2024

15.12.2023 Startar Stikk Ut! vinter. I år har vi 2 turmål i Tjørvåg og Myrvåg. Nytt turmål er Sandvikskaret frå MH 24 i Tjørvåg (tidlegare Coop) og Djupvikhaugen frå Djupvikvatnet som har vore med før.


Fram til 15. april kan du gå 233 fotturar eller 159 skiturar i fylket. I Herøy har vi 8 turar med i år. Last ned Stikk Ut! appen eller registrer turane dine på https://www.stikkut.no/ og «stikk» på tur. Her finn du også informasjon om alle turane som er med Stikk Ut! Vinter. https://www.stikkut.no/stikkut/turer. Du kan også bli med som Stikk Ut bedrift.


Djupvikvatnet - Djupvikhaugen - ein enkel lavterskeltur som du kan gå som rundtur. Fint å gå langs vatnet før ein går siste 500 m til toppen.



Vi anbefarlar spesielt å ta turen til Djupvikhaugen no i desember når vi har lys i juletreet. På stien kan du også sjå fine hjerter som heng rundt om i skogen. Gå gjerne heile rundturen og besøk gapahuken eller ta med kaffi på benken på toppen. Fin tur å gå for dei fleste, også for borna. Ta på brodda når det er glatt.

 



Sandvikskaret - turen går på veg som ein også kan trille med vogn (litt bratt) eller motorisert rullestol når det ikkje er snø. Start frå MH24 i Tjørvåg, men kan også gå frå Sandvika.



Tjørvåg IL - trimgruppa ynskjer GOD TUR! og håper å sjå mange på tur.

PS! Husk å skriv i boka og bruk Georeg å bli med på Fjelltrimmen vår også.


@foto - elin


Herøy Stikk UT! vinterfottur

87. Byvandring rundt Våje

88. Djupvikhaugen - frå Djupvikvatnet på Gurskøya

89. Heid tursti på Bergsøya

90. Herøy gard

91. Hillehornet/Steinen på Gurskøy (ny)

92. Mørkevatnet (ny)

93. Sandvikskaret (ny)

94. Teigestua (ny)

92 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page