top of page
  • Elin Hundsnes

Barnetrimmen og Aktiv Ungdom startar opp att 11.01.23.

Har du born 3. -5. klasse eller 6. klasse og oppover som har lyst å bli? Vi har plass til fleire i begge gruppene så kjekt om fleire vil bli med.




Onsdag 11.01 startar barnetrimmen opp att kl 18.00, gymsalen Stokksund skule. Aktiv ungdom startar kl 19.00 samme dag. Begge gruppene trenar ca 1 time kvar onsdag.

Du finn meir info om kva aktivitet dei ulike gruppene held på med på heimesida vår.


I tillegg til å trene i gymsalen på skulen har dei vore på Epic park på Digerneset, Badeland, klatring i hallen i Ulsteinvik, utedag med aking, bading og grilling mm. Enkelte treningar/aktivitetar vert halde ut.


Alle som trenar i barnetrimmen må betale kontingent og treningsavgift. Info om dette ligg på heimesia vår.


Ta kontakt med Guro Aksnes om du vil bli med i ei av gruppene.


Har du lyst å starte opp ei gruppe for dei under 3.klasse? Ta kontakt med leiar Elin på epost trim@tjorvagil.com. Det hadde vore veldig kjekt om ein eller fleire kunne tenkt seg å starte ei gruppe for dei. Vi hjelper de i gong, men vi må ha nokon som er ansvarleg for gruppa. Det kan vere fleire som delar på.



105 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page