I desse corona tider er det kjekt at vi har fått starta opp igjen med barnetrim. Litt frå aktivitetane dei har hatt i år.
Vanlegvis er dei i gymsalen på Stokksund . Der bytar dei på med ulike aktivitetar som balleik, hinderløyper, ballspel der dei bl.a øvar på å ta imot ball og kaste, balanse og trampoline. Ein av dei kjekke aktivitetane dei likar å halde på med er fallskjermen. Her testa dei kva som skjedde når dei kasta den opp i lufta. Det synst dei var kult!!
Denne onsdagen måtte det flotte vinterveret nyttast. Vi var heldige og fekk låne akebakke med Arild Kirkenes. Ein kjekke kveld med aking, sisten og leik i snøven. Vi fyrte i bålpanne og laga smores. Dei fleste hadde med seg kveldsmat, nokren pølse med brød og andre ei skive eller to. 2 kjekke timar med med barnetrim gruppa.
Tusen takk til Arild Kirkenes for lån av bakke, parkering, lys, bålpanne og for servering av kaffe og konfekt! For en vert!
Godt med smores. (For den som lurer på kva det er så er det grilla marshmallows mellom 2 sjokoladekjeks ) Ser ut som det falt i smak med desse jentene her.
@foto guro
@tekst guro/elin
Comments