top of page
  • Elin Hundsnes

Aktiv ungdom, ny aktivitet for 6.klassingar og oppover

Frå hausten av startar vi opp ei gruppe til med aktivitet for born i Trimgruppa, Aktiv ungdom.

For dei som har gått på barnetrim i år så er dette ei gruppe for dei som er blitt for store til denne gruppa.

Frå hausten vil 6.klassingane gå over på denne gruppa. Synes du dette høyrest spennande ut? Her er plass til fleire.

Treningstid: Onsdag

Gruppe 2 (6. klasse og oppover 19:00 - 20:00 - Stokksund Skule

Aktivitet som du vil få vere med på i Aktiv Ungdom:

  • Felles oppvarming / leik

  • Aktivitetsløype

  • Diverse ballspel

  • Balanse

  • Koordinasjonstrening

  • Landhockey

  • Fjelltur/fjøretur

  • Aktivitetsparken (Ballbingen)

  • Høgdehopp, lengdehopp mm

Du finn meir info på heimesida vår - Aktiv ungdom


Maks 20 påmelde - Trenar Guro Kvalsund Aksnes

Ta kontakt med leiar Guro Kvalsund Aksnes om du er interessert eller på epost trim@tjorvagil.com

159 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page