Tjørvåg Idrettslag
VINTERREBUS
Diverse aktiviteter på vinterstid.
Ikkje aktiv 2024
Vinterrebus for born og familiar.
Vinterrebus for born og familiar.
Vi har hengt opp 9 refleks med bokstavar og tal på turstien over Djupvikhaugen (Myrvåg). Stien er godt merka med stikker med refleks. Løypa er 1,3 km og du må gå heile turen.
Du kan gå turen så mange gongar du vil . Vi kjem til å endre rebusen gjennom vinteren, så følg med om du går fleire gongar. Svaret legg du i kassa som heng ved infotavla utanfor Kiwi Myrvåg. Den er merka med Tjørvåg IL – Trim. Rebusark kan du laste ned eller finne i kassa ved stistart Djupvikvatnet (sjå kart). Det vert trekt fine premiar blant dei som levera inn rett svar på rebusen.
Slik gjer du for å bli med:
✓ Fyll ut skjemaet under. (Du kan bruke vanlig ark berre du får med alle svara.)
✓ Finn 9 refleks med bokstav og tal på. Summer tala. Bokstavane blir eit ord.
✓ På Djupvikhaugen må du skrive deg i boka. Dato og nr på linja du skriv deg i boka skrive du på arket. (Viktig – har du ikkje gjort det er du ikkje med på trekking)
✓ I gapahuken finn du eit bilde / ord eller ting du skriv ned.
Last ned PDF'er her: