top of page
  • Elin Hundsnes

Vinnarar av Vinterrebus 2019/2020

Oppdatert: 30. apr. 2020


Då har vi trekt vinnarane av vinterrebusen i Djupvikskogen.

Vi hadde 3 ulike rebusar frå november til etter påske. 21 leverte inn svar, noko som er litt færre enn 2019. Ein våt haust/vinter og korona siste månaden og i påska har nok vore medverkande. I tillegg hadde vi «Kom deg ut dag» i 2019 der mange gjekk rebusen.


Dei heldige vinnaren i år er:

1. premie – David Aksnes (nr 5) - Familiebillett 4 pers – Sponsa Sunnmørsbadet

2. premie – Even Andreas R. Djupvik (nr1) - Haudelykt – Sponsa InterSport Fosnavåg

3. premie – Sverre Vågsholm (nr 18) - Sekk og drikkeflaske – Sponsa Sparebank 1, Søre Sunnmøre


Rett trekking via Random Number Generator. Alle fekk eit nr (lodd) pr innlevering. Trekking utført av Elin og Johnny Hundsnes (Trimgruppa)

Vi gratulera vinnarane og takkar sponsorane for flotte premiar.


2 av vinnarane fekk overlevert premie på Tjørvåg IL sin Aktivitetspark. Begge er aktive i Tjørvåg IL og synes det var kjekt å vere med på rebusløp.

1. premie vinnar David Aksnes (til høgre) er 8 år og er ein av borna som starta opp i Barnetrimmen i vår.

3. premie vinnar Sverre Vågshol (til venstre) er 10 år og spelar fotball i Tjørvåg IL.


2. premie vinnar Even Andreas R. Djupvik 4 år frå Myrvåg.

@foto elin

243 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page