top of page
  • Elin Hundsnes

Vinnarane av årets fjelltrim


Då har vi lest av alle bøkene og trekt vinnarar av årets fjelltrim. Årets fjelltrim er det lavaste vi har hatt sia vi starta med fjelltrim og bøker i 2014. Frå fjoråret med vel 10 000 så var det i år berre 6375. Koronaen har nok sette sitt preg på årets tal. Skåla som har brukt å ha over 2000 hadde i år vel 800.

Kun dei 2 turmåla som var med på Herøy 10 på topp (Rambjøra og Sansvikhornet) og Nonshornet og Rysseviktua hadde ein liten auka. Resten var nedgang.

Vi håper sjølvsagt at de ikkje sluttar å skrive i bøkene våra. Men ta gjerne med antibac eller bruk hanskar om de er redde å skrive i bøkene pga koronaen. Tala brukar vi når vi skriv søknadar derfor er det viktig at de ikkje sluttar heilt å skrive.


Vi har i år trekt 5 turmål som får premie. Skåla og Djupvikhaugen er dei 2 som har mest turgåarar som har skrive seg i boka i år. I tillegg trekte vi 3 andre vilkårlige turmål som får premie.


Årest vinnarar i Fjelltrimmen i Tjørvåg IL - Trimgruppa er:


1. premie Djupvikhaugen

1987 - Idunn Wik - Mageveske sponsa Ulstein


2. premie Skåla

509 - Malene Sundgot - Mageveske sponsa Ulstein


3. premie Sandvikskaret

254 - Gisle Rafteseth - Termokop sponsa Ulstein


4. premie Rambjøra

1506 - Øyvind Sundgot - Termokop sponsa Ulstein


5.premie Dyrkyrkja

1017 - Per Ståle Nykrem - Termoflaske sponsa Arbiro


"Turstiprosjektet" og Tjørvåg IL - Trimgruppa gratulerar alle vinnarane !

Ber om at vinnarane teke kontakt med Elin, mob 91852534, for henting av gevinst


Rett trekking utført med Random Number Generator: Elin Hundsnes, Linda Arnesen, Arnt Flatmo, Johnny Hundsnes og Arne Ringstad


Takk til sponsorar av premiar: Ulstein og Arbiro

319 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page