top of page
  • Forfatterens bildeArjan Sakarias Dalsøren

MTG jenter 15 år - ubeseira i vårsesongen!



Hareid - MTG 0-1 (0-1)

Mål: Madelen


Onsdag kveld var det klart for siste kamp i vårsesongen mot Hareid som ligg som nr 2 på tabellen.


Hareid IL hadde laga til ei flott ramme rundt kampen med innmars og opprop av lag pluss gratulasjonar til det beste laget i divisjonen. Veldig kjekt!


Trenar Stian Tarberg oppsummerer kampen og sesongen slik:


Kampen likna mykje på den vi hadde sist mot Hareid. Pulsklokka er fortsatt over 100, og det garanterar for minus på søvnkontoen min. Så objektiv som eg kan være så meinar eg at det eit lite overtak for Hareid i opningsminutta. Vi hadde litt avstandar i laget og vi klarte aldri å etablere noko spel på den rette sida. Med overtaket til heimelaget måtte vi styrke oss med å legge om frå ein firar på midtbana til ein femmar. Hannah gjekk inn og danna trearen i lag med Hanna og Oline. Då fekk vi stoppa mange av angrepa som starta rundt midtstreken.




Bakover var det mange kollektive dempingar av luft der ballen ofte slapp unna. Det er sånn som med alle andre posisjonar på bana. Når noko skjer så har det ein tendens til å skje igjen. Som når den offensive spelaren skyt midt på mål den første gangen så skjer det gjerne på forsøk to også. Det er alltid ei mental greie. Gløym den første og legg vekk "No må eg ikkje bomme igjen"-tankegangen. Det vart veldig mykje betre utover kampen så då var vi ferdige med den. Dokke har ei god evne til å jobbe inn igjen slike situasjonar. Fokusér heller på det og på at avslutningane til Hareid vart pressa slik at Selma slapp å ligge oppe i krysset. Alle saman spelte seg opp og dokke holdt nullen. Det varmar eit trenarhjerte som ikkje er så glad i skåringar i feil ende.


Eg klarar ikkje å huske kven som avlutta på vår største sjanse i første omgong, men keeperen til Hareid fekk på ein merkeleg måte ut beinet på avslutninga og ballen trilla ut til corner. Det var vel heller vår nest største sjanse som keeperen stoppa. Hadde eg visst at målet Madelen skåra skulle bli vårt einaste i kampen hadde eg nok vore veldig mykje meir nervøs. Målet kom fem minutt før pause. Først var det ei avslutning på mål før Madelen vann igjen ballen og tuppa den forbi keeperen. 1-0 til oss til pause.


Andre omgong vart veldig lang. Eg gløymde å starte mi klokke sånn som eg alltid gløymer når det er spennande, men eg reknar med det var 40 minutt vi spelte. Ei artig greie i siste del av omgongen var at vi nesten ikkje spelte langt på utsparka. Det var kun kortpasningar, av og til med litt stor risiko. Det er spenstig å trene på slikt i siste kamp på stillinga 1-0, men kvifor ikkje. Heimelaget fekk ein stor nestensjanse i andre omgong då ho som var rask tok ein sprint med ball gjennom midten. Situasjonen vart heldigvis avverga. Framover skapte vi nokså lite. Det var som i første omgong, mange duellar og mykje slit. Når vi skulle ta den siste pasninga eller touchet gjennom forsvaret var oftast kapteinen der med ei lang tå.


At nokre kanskje ikkje var fornøgde med gjennomføringa av kampen får være. Eg er veldig stolt av det dokke gjorde i dag og i alle andre kampar i sesongen. Det er ikkje enkelt å halde fokus og å få fram sitt beste når ingenting anna enn tre poeng står på spel og når dokke har dominert så stort. Vi hadde ingen behov for å vinne kampen. Alt var avgjort, men 24 av 24 og 8-0-0 ser så mykje betre ut enn alternativet når vi først har komt så langt.


Gratulerer med ein flott vårsesongen jenter. Godt jobba heile vegen!

225 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page