top of page
  • Forfatterens bildeTjørvåg Idrettslag

Camilla er ny leiar i Tjørvåg Idrettslag

Etter allmøte i Tjørvåg Idrettslag onsdag 26.04 meldte Camilla Lilleøy-Nygard Oldeide seg til leiarvervet i idrettslaget.

Nyvalgt leiar - Foto: Metizoft AS
Nyvalgt leiar - Foto: Metizoft AS

På allmøte blei det orientert om situasjonen idrettslaget står i av avtroppende leiar, Åsmund Eide. Det blei presentert om sportslig status, overordna rundt økonomi, pågående arbeid og noverande styret blei presentert. Tjørvåg har i dag eit godt samarbeid på fotballfronten med naboklubbane Moltustranda og Gurskøy, som går under navnet MTG. Samstundes har idrettslaget aktivitet med barnetrim og trimgruppa. I bakgrunn av lovverket i idrettsforbundet hadde ikkje idrettslaget lov å drive vidare utan leiar. Det var dermed avgjerande at ny leiar blei valgt under dagens møte. Vidare vart det valgt to nye medlemmar til valgnemda. Det blei Erling Moltubakk og Elise Vågsholm.

Tjørvågar tar over roret Etter at Åsmund Eide gjekk av som leiar under årsmøtet i mars tek no Tjørvågaren, Camilla Lilleøy-Nygard Oldeide over roret for Tjørvåg-skuta. Ho jobbar til dagleg på Metizoft AS i Fosnavåg og er bosatt i Storneset. Åsmund vil framleis jobbe vidare som leiar for marked i styret.

Vi spurte Camilla om ein kommentar rundt det nye vervet:


"Eg meinar det er viktig å engasjere seg i dei fritidstilbuda vi har i Tjørvåg for å klare å holde på dei i tida framover. Vi må vi jobbe for at våre barn og unge har muligheita til å delta på meiningsfulle aktivitetar og sportslege tilbod. Eg tar på meg dette vervet med stor glede, og ser frem til å jobbe vidare med Tjørvåg IL."

- Camilla Lilleøy-Nygard Oleide

Vi takker Camilla for ho tok på seg vervet og ønsker Camilla lykke til som ny leiar i Tjørvåg IL. Takk også til Elise og Erling som nye medlemmar i klubbens valgnemnd.

393 visninger0 kommentarer
bottom of page