Tjørvåg Idrettslag
FORELDRE
Tjørvåg IL vert drive av frivilligheitsprinsippet. Foreldre må derfor involvere seg i klubben gjennom verv eller på andre måtar.
Dette er nødvendig for drifta av klubben og viktig for at ungane skal trivast best mogeleg i fotballklubben og at ein dermed kan unngå fråfall frå fotballen.
Vi trur at med engasjerte foreldre får vi også meir engasjerte ungar som bidreg positivt til at dei sjølv får ein trygg og god oppvekst
Foreldrerolla er svært viktig og derfor ønsker vi at foreldra stiller opp når klubben treng det.
Då utviklast klubben til å bli det vi alle ønsker at den skal være; ein trygg og positiv arena for ungane!
• Engasjer deg for laget og klubben sitt beste
• Still opp og vær positiv når klubben treng deg
• Oppmuntre ungane på ein positiv måte til å kome på trening
Vi i idrettslaget ønsker at foreldra skal engasjere seg i aktiviteten til barna. De er velkomne på trening og kampar.
Trenarane til dei ulike laga set pris på om du kan hjelpe til med det praktiske rundt treningane, som å pumpe og ta ut ballar, ordne med kjegler, vestar og å hjelpe til å rydde inn etterpå.
Har du lyst å hjelpe til med sjølve treningane er det berre å ta kontakt med trenaren på laget.
Vi minner om reglane som er utarbeid av Norges Fotballforbund.
1. Møt opp på trening og kamp – barna ønsker det
2. Gi oppmuntring til alle spelarane – ikkje berre ditt eige barn
3. Gi oppmuntring i medgang og motgang
4. Respekter trenar/lagleiar sin bruk av spelarar – seriøse innspel kan du gi etter kampen
5. Sjå på dommaren som ein rettleiar – respekter avgjerslene
6. Stimuler og oppmuntre ditt barn til å delta – ikkje press
7. Spør om kampen var morosam og spanande – ikkje berre om resultatet
8. Sørg for riktig og fornuftig utstyr – men ikkje overdriv
9. Vis respekt for klubben sitt arbeid – delta på foreldremøte for å avklare haldningar og ambisjonar
10. Tenk på at det er ditt barn som spelar fotball – ikkje du
11. Vis respekt for andre – ikkje røyk på sidelinja
12. Hugs at barna gjer som du gjer – ikkje som du seier