
Tjørvåg Idrettslag
MEDLEM
Slik blir du medlem av Tjørvåg Idrettslag.
FOTBALL:
Tjørvåg IL har fotballag/samarbeidslag frå 6-7 år og opp til A-lag herre/dame. Frå 2021 har klubben samarbeid med Gurskøy og Moltu. Mange foreldre og andre legg ned mange timar med dugnad kvar veke for å gi tilbod innan fotball i klubben.
Det vert også jobba for ein 7ar hall som kan gi endå betre tilbod i klubben.
TRIM:
Trimgruppa har aktivitet for born og vaksne.
Vi har Georeg fjelltrim med 18 turmål, derav 14 med turbok, Turstiprosjektet i Myrvåg og Tjørvåg, fjellturar, familiedagar, rebusløp, dametrim og 3 barnetrimgrupper mm.
Du finn meir info om våre aktivitetar under Trim
KONTIGENT:
Kontingent aktiv kr. 600,-
Kontingent trim kr. 200,-
Kontingent støtte kr. 200,-
Kontingent støtte søsken/foreldre/føresette til aktiv kr. 100,-
TRENINGSAVGIFT:
A-lag kr. 1600,-
Ungdomslaga 13-19 år kr. 1100,-
Barnelaga 5-12 år kr. 600,-
Trim (avhengig av kva for tilbod ein vel) min. kr. 100,-
Alle aktive må betale både kontingent og treningsavgift.
Begge må vere betalt for at spelaren kan få spele kampar.
Har du utfordring med å betale faktura ta kontakt med Leiar i idrettslaget.
epost: leiar@tjorvagil.com
DØME:
Spelar i barneklassene: 600 kr + 600 kr = 1200 kr
Spelar i ungdomsklasse: 600 kr + 1100 kr = 1700 kr
Spelar på seniorlag: 600 kr + 1600 kr = 2200 kr
Klubbpakken i 2023 inneheld hoodie for dei som betaler kontingent aktiv.
Ved at Tjørvåg IL legg bekledninga inn i medlemsavgifta klarer vi å få ein betre pris enn om kvar enkelt skulle handle desse plagga (sjølv om medlemmane får 20% avslag). Det vert hundrelapper å spare for kvar spelar.
PS! Ein spelar som spelar på to lag, skal betale for den lavaste klassa.
T.d. G12 spelar som også spelar på G13 skal betale for 12 års klassa.
Alle aktive må vere registrert i Min Idrett.
Alle som betalar medlemskap utanom aktive vil bli lagt inn i Min Idrett.
Alle som er registrert som medlem skal sendast kontingent året etter.
Medlemskap blir avslutta ved misleghald av betaling eller ved at medlemmet sjølv avsluttar sitt medlemskap.
For å kunne verte forsikra gjennom’ Fotballforsikringen’, som idrettslaget betalar, må ein ha betalt kontingent