• Elin Hundsnes

Nye benkar på Rjåhornet

Vi har lenge tenkt vi skulle fått bygd fleire benkar på Rjåhornet i tillegg til den som har vore der. Idag kom 2 nye benkar på plass.

I samband med arbeid Tussa hadde på Rjåhornet idag fekk vi transportert opp materialar med scooter til 2 benkar. Alt var ferdig kappa og klar for å skru opp. Takk til Johnny og Gjøran for transport og bygging. No håper vi mange kan ta seg ei kvild på nye benkar her oppe. Husk å skriv dåkke i boka vår.

Blir grei utsikt å sitte her. Johnny i sving med å montere.

Benken er testa og godkjent!

@foto Johnny og Gjøran


84 views0 comments