• MTG

Fyrste Norway Cup for MTG - Møt laga som reiser til Oslo

Oppdatert: 6. jul.

Etter to år med avlysning er det endelig klart for fotballens store eventyr, nemleg Ekebergsletta og Norway Cup.

Foto - Metizport
Foto - Kevin Bøe, Metizport

Dette er fyrste gang vi ser MTG på laglista til verdens største fotballturnering. Det er G-16 og J-15 som skal ut i elden. G-16 er på fyrstereise medan jentene har delteke tidlegare.


Foto: Arjan Sydhagen Dalsøren
Foto: Arjan Sydhagen Dalsøren

Trenar for G-16, Jan-Helge Langberg har følgande ord før Norway Cup:


Vi har lyst til å prøve oss sportsleg mot nye lag. Vi har hamna i ei tøff pulje og vi lyt vere på topp. Det er godt gjort av oss å stille i 11er i NC i g16, så vi er stolt av det samarbeidet som er mellom klubbane i indre Herøy. Elles ein fin gjeng som er kjekt å vere i lag med. Dei har tatt store steg gjennom det siste året.

- Jan Helge Langberg



Foto - Metizport
Foto - Kevin Bøe, Metizport

Fleire av jente har deltatt tidlegare, men det er fyrste gang for fleire. Dei har verkeleg levert varene i gjennom årets vårsesong. Fortsetter dette er det ikkje urealistisk med god plassering i Oslo. Les meir om korleis det har gått med jentelaget her:


Trenar for jentene, Stian Tarberg har følgande ord før årets event:


MTG-jentene er påmelde i 16-årsklassa. Der skal dei spele i same gruppe som Vind frå Gjøvik, Sotra frå Bergen og Alvdal frå Østerdalen i Innlandet. Dei to første spelar henholdsvis i Regional serie for J17 på Østlandet og 1. divisjon J17 Hordaland, medan Alvdal ligg i 2. divisjon for J17 i Trøndelag. Sportslege ambisjonar som går på antal poeng i gruppa eller om det blir A- eller B-sluttspel er ikkje så interessant. Det er mange måleeiningar for sportsleg suksess. Vi skal prestere så godt som vi kan og forhåpentlegvis gi alle som følger laget ei kjekk oppleving. Samtidig ønsker vi at treningane fram mot og kampane i Norway Cup skal gi laget ei god oppkøyring og fleire nyttige erfaringar til haustsesongen. Vi håpar at veka i Oslo kan gi oppturar men også læring av å spele mot god motstand. Sosialt er dette veka det skal skapast ekstra samhald og lagfølelse.

- Stian Tarberg


Praktisk informasjon:


Begge lag skal bu på Bøler Skole og reiser nedover laurdag 30.07 frå Stokksund Skule 0730 med buss.

Last ned Norway Cup appen, her finn du kampoppsett og banekart mm.


Kampinformasjon til jentene finn du her:

Kampinformasjon til gutane finn du her:

Banekart finner du her:


Det vil bli publisert daglige oppdateringer gjennom Facebooksiden MTG, følg med her:


370 visninger0 kommentarer