Denne kjekke gjengen treng ny trenar. Er du den nye trenaren til Barnetrimmen vår?


Barnetrimmen i Tjørvåg IL har vore svært populær med opp i 19 born på treningane. I haust hadde vi 2 kjekke jenter som går skule på Barn og Ungdom som trenarar, men no har desse fått seg anna jobb og vi står utan trenar.


Dei fleste av borna vil fortsette barnetrimmen etter nyttår, så vi synes det er veldig synd at vi ikkje har klart å skaffe denne kjekke gjengen nokon som kan ta over gruppa.


Litt info om gruppa:

Dette er born frå 3. klasse tom 5.klasse. Når dei kjem opp i 6. klasse går dei over i neste gruppe som er Aktiv Ungdom. Vi tar inn nye til gruppa kvar haust.

Vi har kjøpe inn mykje kjekt utstyr og trenar kvar onsdag på Stokksund skule kl 17:45-18:45. I tillegg så har vi hatt akedag, aktivitetar ute og sommaravslutning med grilling og bading og bading i Sunnmørsbadet før jul.


Guro Kvalsund Aksnes har ansvar for både Barnetrimmen og Aktiv Ungdom, men ho har ikkje moglegheit å trene begge gruppen. Ho kan vere med å hjelpe til i starten å få barnetrimmen opp å gå.


Vi har eit par foreldre som kan bidra, men vi er avhengig av å ha enten fleire som kan dele på ( f,eks 1 gong i mnd) eller at vi har 1-2 som delar på å ha ansvaret for heile gruppa. Dei som tar på seg å vere trenar fast får ein liten kompensasjon.


Vi håper det er nokon der ut som kan hjelpe oss, eller tipse oss om aktuelle. Det kan vere ungdom som går vidaregåande eller andre som har lyst å bidra slik at vi får oppretthalde tilbodet.

Du finn meir info her om barntrimmen og kontakt info til Guro som kan svare på spørsmål her.

https://www.tjorvagil.com/barnetrim



foto@guro Bilder er tatt i februar 2021 med born som er på begge gruppen.


99 views0 comments

Recent Posts

See All